Opplev Birtedalen

Gamle Tovsli har eit godt utval av hyttetomter i vakre Birtedalen i Fyresdal kommune i Telemark. Hyttetomtene ligg vestvendt, fleire av dei i nærleiken av Birtevatn, ca 620 moh. Fyresdal, og ikkje minst Birtedalen, har mykje urørt natur og fine turområde sommar og vinter. Her finn du mange fine turstiar, skogsterreng, fjell, fiskevatn og bær om sommaren, og fine oppkøyrde skiløyper om vinteren.
Kort sagt, i Birtedalen kan du verkeleg senke skuldrane og nyte eit godt hytte- og friluftsliv.

Gode fiskevatn og jaktområde

Det er mykje fisk i vatna i Birtedalen. Det er for det meste aure, og litt røye. Steikt på bålet, røykt eller i panna, godt er det uansett!
Garnfiske og oterfiske med båt kan tingast i Brutjønn og Birtevatn. Om du ynskjer å fiske med stong, kan du det i dei fleste vatna i Birtedalen.
Birtedalen har også gode jaktområde.
Gamle Tovsli leiger ut jaktterreng for skogsfugl, rype, reinsdyr, hjort, og bever.
Harejakta, rådyrjakta og elgjakta er bortleigd på åremål. Hjortebestanden er liten.

Snøsikkert og vakkert skiterreng

I Birtedalen er det vanlegvis snøsikkert, akkurat passe med snø og gode skiløyper. Terrenget strekker seg over eit stort område frå 600 til over 900 moh. Løypene blir køyrd opp så snart det let seg gjere, og så lenge det let seg gjere.
Birtedalen sti- og  løypelag gjer eit flott arbeid, og mange hytteigarar stør opp om dette arbeidet gjennom ei årleg frivillig løypestøtte.
Les meir om, og få informasjon, frå Birtedalen gjennom heile året på Birtedalen sti- og løypelag si facebookside.

Godt merka toppturløyper

Fyresdal har mange godt merka toppturløyper.
I Birtedalen finn du tre av løypene, Nasefjell 916 moh, med god utsikt mot heile Fyresdal, Jåmsfjell 936 moh og Kviptefjell 903 moh. Desse toppturane er ei herleg naturoppleving, enten det er til fots eller på ski, på dagstur eller overnattingstur.
Ynskjer du overnatting, kan du leige av oss, eller leige ei av turisthyttene som Aust-Agder turistforeining har i området. Granbustøyl ligg på 775 moh, Nutevasshytta 930 moh, Hengeltjørnloftet 700 moh og Nystøyl 885 moh.

Kano, kajakk og båt

Birtedalen har mange vatn som eignar seg veldig godt til kano og kajakkpadling.
Det er liten høgdeforskjell og korte avstandar mellom fleire av vatna.
Båt kan de leige i Brutjønn og Birtevatn.

Kontakt oss for meir informasjon eller eit godt turforslag!

Stein Helge Lassemo tlf. 915 28 845 
Grethe Lassemo tlf. 977 88 988,
E-post: post@gamletovsli.no