Hyttetomtene ligg ca 2 km frå Birtedalsvegen, og nesten i enden av Birtevatn.
Utsikten er fin over vatnet og Rjupetoheia på andre sida av dalen.
Birtedalen er populært, så her er det ingen ledige hyttetomter.
Det er ikkje langt frå hytta du treng for å finne molter på den rette årstida.
På Austre Tovsli, også kjent som «Gamle Tovsli» i grenda, har det budd folk sidan før svartedauden. Vi – Stein Helge og Grethe Lassemo – overtok og flytta til staden i 2008. Vi driv i dag med sal av hyttetomter og tilbyr ei rekke utleige- og servicetenester under marknadsføringsnamnet «Gamle Tovsli». Her trivst vi godt, og ynskjer å vere med på å gjere Birtedalen til ein stad der folk verkeleg kan senke skuldrane og nyte eit godt hytte- og friluftsliv!