Tomteprisane her ligg på kr 350 000,- og kr 500 000,-.
Det føreligg ikkje vass- og avløpsplan på dette hyttefeltet .
Bjorhustjønn hyttefelt er nyleg regulert på nytt med anledning til å bygge vegar.
Det er lagt inn 3 nye hyttetomter. Det er nummer 1,4 og 5 på kartet.
På Austre Tovsli, også kjent som «Gamle Tovsli» i grenda, har det budd folk sidan før svartedauden. Vi – Stein Helge og Grethe Lassemo – overtok og flytta til staden i 2008. Vi driv i dag med sal av hyttetomter og tilbyr ei rekke utleige- og servicetenester under marknadsføringsnamnet «Gamle Tovsli». Her trivst vi godt, og ynskjer å vere med på å gjere Birtedalen til ein stad der folk verkeleg kan senke skuldrane og nyte eit godt hytte- og friluftsliv!