Fisketjønn er eit eldre felt med ny reguleringsplan for å legge inn vegar og nye tomter. Det er middels sanitær standard og utslepp av gråvatn.
Tomtene 18 – 22 er nye i feltet, dei ligg vestvendt, i ca. 620 meters høgde. Tomtene er ulike når det gjeld plassering, fasilitetar og pris.
Tomteprisane ligg på kr 350 000,- til kr 500 000,-.
Oversikt over ledige tomter i Fisketjønn hyttefelt.
Fine utsiktstomter alle.
Tomt nr 18 ligg nede ved Osen i Birtevatn og er ei spesiell fin tomt med tanke på nærhet til vatnet og turløype sommar og vinter.
Fisketjønn, her kan du få fin fisk.
Skiløypa passerar gjennom feltet.
Stein Helge tlf. 915 28 845
Grethe tlf. 977 88 988
E-post: post@gamletovsli.no
På Austre Tovsli, også kjent som «Gamle Tovsli» i grenda, har det budd folk sidan før svartedauden. Vi – Stein Helge og Grethe Lassemo – overtok og flytta til staden i 2008. Vi driv i dag med sal av hyttetomter og tilbyr ei rekke utleige- og servicetenester under marknadsføringsnamnet «Gamle Tovsli». Her trivst vi godt, og ynskjer å vere med på å gjere Birtedalen til ein stad der folk verkeleg kan senke skuldrane og nyte eit godt hytte- og friluftsliv!