Gamle Tovsli har eit godt utval av hyttetomter for sal i vakre Birtedalen i Fyresdal kommune i Telemark.
Fyresdal og, ikkje minst Birtedalen, har mykje urørt natur og fine turområde sommar og vinter.
Her finn du mange fine turstiar, skogterreng, fjell, fiskevatn og bær om sommaren, og fine oppkøyrde skiløyper om vinteren.
Kort sagt, i Birtedalen kan du verkeleg senke skuldrane og nyte eit godt hytte- og friluftsliv.
Vil du vite meir? Ta gjerne kontakt med oss.
Stein Helge Lassemo tlf. 915 28 845
Grethe Lassemo tlf. 977 88 988
Birtedalsvegen 2481, 3870 Fyresdal
Stein Helge Lassemo
Orgnr. 991509208
På Austre Tovsli, også kjent som «Gamle Tovsli» i grenda, har det budd folk sidan før svartedauden. Vi – Stein Helge og Grethe Lassemo – overtok og flytta til staden i 2008. Vi driv i dag med sal av hyttetomter og tilbyr ei rekke utleige- og servicetenester under marknadsføringsnamnet «Gamle Tovsli». Her trivst vi godt, og ynskjer å vere med på å gjere Birtedalen til ein stad der folk verkeleg kan senke skuldrane og nyte eit godt hytte- og friluftsliv!